E-76 er eit legendarisk live-band frå Vinje og Midt-Telemark. Stifta i 1991, og blant dei fyrste som laga fengande køntrirock på dialekt, ein sjanger som dei sidan har halde fast ved og som stadig når ut til nye generasjonar.
Det viktigaste for E-76 er å levere fengande festmusikk som får alle i godt humør. Det har blitt mange allsong favorittar slik som Dån Johan, Asfaltcowboy, Ingen som kjem til meg i kveld og Sauekjøt.
Men E-76 kviler heldigvis ikkje på laurbæra, «To kråker» er ein ny singel som kjem til å stå på repertoaret framover. Ein fantastisk historie om to gamle kråker som finn kjærleiken på ny, og som kan relaterast til våre eigne liv.
I tillegg har dei landets kulaste og gulaste bandbil.
E-76 spiller fredag, Cafescenen